Til satselixia.no
Bli medlem

Er det lurt å trene variert?

Er det lurt å trene variert?

Når det kjem til trening er det mange spørsmål som florerar i mediar og på treningssenter. Kva bør eg trene? Korleis bør eg trene, og kva bør eg ete?

Ørjan Utne
Ørjan Utne
15. mai 2017

Samstundes er det vel så mange svar og mange i kategorien type dårlege. Det enklaste og gjerne beste svaret på mange av desse spørsmåla er at alle er forskjellige og så lenge det ein gjer er forsvarleg og funkar så er det bare å gje gass. Når det er sagt, er det likevel greit å vete kor ein bør byrja.

Aller først, kva er målet?

Har ein eit spesifikt mål om å være med i konkurranse, om det så er i form av løfting eller posering på scene, vil det nok være lurast å sjå bort frå variasjon. Då vil det være anbefalt for vedkommande å rette fokuset mot det som må til for å prestere best i den gitte konkurransen, og repetere det til ein er best.

Skal ein til dømes løfte, fokuserar ein på variantar av markløft, knebøy og benkpress. Likevel kan ein sei at ein innafor desse rammene kan variere med forskjellige antall repitisjonar og sett. Likevel anser ein dette som spesialisering og ikkje variasjon.

Har ein på den andre sida eit vagare mål, som til dømes å sjå betre ut eller være trent/gjennomtrent, vil variasjon plutseleg spele ein mykje større rolle. Eller i det minste være eit tema. Trent vil sjølvsagt være ein definisjonsak, og noko kvar enkelt må bestemme på forhånd.

Om ein ikkje har konkurranse eller noko spesifikt ein trenar mot, kan eit sunt mål være allsidigheit.Det kan til dømes være å jobbe mot å bli mer fleksibel, sterk, atletisk, akrobatisk og estetisk på samme tid. For å kunne oppnå dette må ein trene variert. Men for å få til alt dette må ein gjere noko som sikkert er det viktigste når det kjem til resultatretta trening. 

Les også: Den ultimate guiden til styrketrening

Periodisering

Periodisering vil seie at ein fokuserar bestemt på eit området i ein gitt tidsperiode, før ein skiftar fokus og arbeidar med eit anna området. Til dømes kan det være at ein vil forbetre styrken, og derfor sett av til dømes tre månedar til dette, då har ein hovudfokus på tunge løft og sett resten til sides.

Det fine med kroppen er at bevegelsar/musklar ein har lærd/opptrent tidlegare er mykje enklare å halde ved like, medan det å byggje nye musklar eller å lære nye ting kan ta lengre tid.

Om ein då i tillegg er vidarekommande og har trent i mange år vil det være desto vansklegare og til dømes legge til meir muskelmasse. Ein lur måte å periodisera på då vil være å fokusere på ein muskelgruppe i 4-6 veker, der ein gjerne køyrar mellom 40-50 sett på gitt muskelgruppe i forskjellige rep-ranges, medan ein kuttar ned volumet på dei andre muskelgruppane. Ein treng heller ikkje å få panikk for at ein vil missta masse på dei andre muskelgruppane. Det er nemleg vist at ein kun treng å trene ein fullkroppsøkt i veka for å halde ved like styrke og muskelmasse.

Les også: 4 muskelgrupper du bør trene mer

Om ein vel å trene på denne måten vil det sei at ein treng mange øvelsar for gitt muskelgruppe. Da må det gjerne ein god dose kreativitet og variasjon til. Om hovudfokuset til dømes er skuldre, kan det være lurt å legge inn både baseløft, dynamiske og statiske løft, isolasjonøvelsar, støtteøvelsar og eksplosive øvelsar for å nemne nokre. I tillegg kan det være lurt å ikkje minst kjekt å utforske ukonvensjonelle øvelsar som wall walks, crow, javelin press og ikkje minst lumberjack press som er vist på bilete under.

Tren variert

Kort oppsumert vil vi sei at variasjon er livets krydder og at det vil kunne gjere treninga mykje kjekkare og motiverande. Kroppen ikkje er laga for å spesialisere seg i ein gitt sport/bevegelsesmønster, men er meint til å hoppe, krype, bøye og rulle i alle vinklar og variasjonar.

Les også: Er det lurt å trene variert?

Til slutt må vi slå fast at desse framgangsmåtane kan avvike frå dine erfaringar og tankar. Når det kjem til trening finst det inga fasit, ein må rett og slett prøve seg fram for å finne ut kva som funkar for kvar enkelt. Dette er bare ein oppfordring til deg om å bryte gamle vanar og prøve noko nytt å spennande, og nyte resultatane det medførar. 

Er du nysgjerrig på hvilken treningsform som passer best for deg? Vi har gjort det enkelt for deg og samlet mange treningstilbud for deg som ønsker å bli sterkere.

Se vårt utvalg og sett sammen ditt eget medlemskap!

Bli medlem

Treningsmotivasjon

Trening

Les mer om Trening →


;